• Ledige stillinger
  • Arbeidsgivere
  • Om oss
  • Kontakt oss
  • Annonsere?
  • Jobbsøkertips
  • Ledige stillinger
  • Arbeidsgivere
  • Om oss
  • Kontakt oss
  • Annonsere?
  • Jobbsøkertips

Modal title

13 stilling(er) funnet i hordaland

Stord kommune
24/04/2018
Avdelingsleiar / vara brannsjef, Stord brann og redning
SØKNADSFRIST: 15.05.2018 Det er ledig 100 % stilling som avdelingsleiar/vara brannsjef ved beredskapsavdelinga med tiltreding frå 01.07.2018.  Avdelingsleiar  (ID 1395)  Stord brann og redning er eit deltidsbrannvesen med  ein førebyggande avdeling og ein beredskapsavdeling. Hovudstasjon ligg  i Leirvik sentrum og understasjon  i Sagvåg sentrum. Det er i dag 8 fast tilsette ved hovudstasjonen og 40 deltidstilsett. Beredskapen er organisert som deltidsbrannvesen med fast vaktteneste. Det er etablert 4-delt overordna vakt. Leiar beredskap er brannsjefen sin stadsfortredar, og inngår i brannvesenet si leiargruppe. Sentrale arbeidsoppgåver: Nestleiarfunksjon Fagleg og administrativ leiar av beredskapsavdelinga Vere eit koordinerande ledd i innsatsstyrkane Utvikle, vedlikehalde og kvalitetssikre det operative planverket for beredskap Følgje opp og sjå til at samtlege mannskap har naudsynt kunnskap Ansvar for  oppfølging  av HMT og avvikshandtering i avdelinga Bidra i budsjettprosess og syte for at avdelinga driftast innan vedtekne økonomisk rammer Andre eller endra arbeidsoppgåver etter bestemmelsar av brannsjef, og i medhald om  krav i gjeldande regelverk Ønskja kvalifikasjonar og utdanning: I følgje Forskrift om organisering og dimensjonering av brannvesen, § 7-8 skal leiar for beredskapsavdeling inneha følgjande kompetanse:  Gjennomført beredskapsutdanning III og ha anten:  Utdanning som ingeniør frå ingeniørhøgskule, eller annan relevant høgskuleutdanning eventuelt særskild brannteknisk utdanning på same nivå eller kvalifikasjonar som utrykkingsleiar i heiltidsbrannvesen, jf. § 7-7 Søkjar som ikkje oppfyller kvalifikasjonskrava må forplikte seg til å ta manglande tilleggsutdanning etter tilsetting. Andre naudsynte kompetansekrav for stillinga i henhald til kommunens og verksemda sitt behov kan bli pålagt gjennomført. Ønska erfaring og personlege eigenskapar: Erfaring innan overordna beredskapsarbeid Leiarerfaring og evne til å inspirere og motivere medarbeidarar både i det daglege og i hektiske situasjonar Må kunne anvende og sjå moglegheiter ved bruk av moderne IKT-verktøy God skriftleg (nynorsk) og munnleg framstillingsevne Kan arbeide systematisk med rutinar, HMT og kvalitetssikring for å sikre ein god beredskapsteneste Resultatorientert med evne til strategisk og heilskapleg tenking  Tydelig leiarskap ved å motivere og dyktiggjøre eigne tilsette  Initiativrik, innovativ,  involverande og motiverande  Operativ forståing og handlekraft Me søkjer ein engasjert og tydeleg leiar med gode samarbeidsevner . Personlege eigenskapar vil verta vektlagd ved tilsetting. Generelle vilkår: Det vert kreve førarkort klasse B for stillinga. Det er ønskjeleg med klasse C og førarkort for utrykkingskøyretøy (kode 160). Førarkort for utrykkingskøyretøy inngår i opplæringa etter nærare avtale. Stillinga innehar funksjonen, overordna vakt og inngår i vaktordning. Det er krav om bustad i kommunen. Tilfredsstillande helse med dokumentert legeattest må ligge føre før tilsetting. Tilsetjing skjer på dei vilkår som går fram av gjeldande lover, reglement og tariffavtale, og med prøvetid på 6 månader.  Aktuelle søkjarar vil bli innkalla til intervju. Kopi av vitnemål og attestar leverast under intervju. Løns- og arbeidsvilkår vert i samsvar med kommunalt avtaleverk. Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje. For nærare opplysningar om stillinga kontakt  brannsjef Jan Ove Anthun 97552053. Søknadsfrist : 15.05.2018
Stord kommune Stord, Norge
Stord kommune
24/04/2018
Avdelingsleiar ved førebyggande avdeling, Stord brann og redning
SØKNADSFRIST: 15.05.2018 Det er ledig ein 100 % stilling som avdelingsleiar ved førebyggande avdeling. Tiltreding snarast. Avdelingsleiar  (ID 1396) Stord brann og redning er eit deltidsbrannvesen med  ein førebyggande avdeling og ein beredskapsavdeling. Hovudstasjon ligg  i Leirvik sentrum og understasjon  i Sagvåg sentrum. Det er i dag 8 fast tilsette ved hovudstasjonen og 40 deltidstilsett. Beredskapen er organisert som deltidsbrannvesen med fast vaktteneste. Det er etablert 4-delt overordna vakt. Førebyggande avdeling har ansvar for særskilt tilsyn av 120 objekt i Stord og Fitjar kommune. Feiing og tilsyn er underlagt denne avdelinga med cirka 6000 fyringsanlegg. Leiar for førebyggande  inngår i brannvesenet si leiargruppe. Sentrale arbeidsoppgåver: Fagleg og administrativ leiar av førebyggande avdeling Utvikle, vedlikehalde og kvalitetssikre det førebyggande planverket Gjennomføre dei ulike førebyggande aktivitetane i saman med dei tilsette Bidra i budsjettprosess og syte for at avdelinga driftast innan vedtekne økonomisk rammer Andre eller endra arbeidsoppgåver etter bestemmelsar av brannsjef, og i medhald om krav i gjeldande regelverk Ønskja kvalifikasjonar og utdanning: I følgje Forskrift om organisering og dimensjonering av brannvesen, § 7-9 skal leiar for førebyggande avdeling inneha følgjande kompetanse:  Utdanning som ingeniør frå ingeniørhøgskule, ellerannarelevant høgskuleutdanning eller særskilt brannteknisk utdanning på same nivå, eller kvalifikasjonar som utrykningsleiari heiltidsbrannvesen, jf. § 7-7 eller minst to års erfaring som førebyggande personell, jf. § 7-6. Søkjar som ikkje oppfyller kvalifikasjonskrava må forplikte seg til å ta manglande tilleggsutdanning etter tilsetting. Andre naudsynte kompetansekrav for stillinga i henhold til kommunens og verksemda sitt behov kan bli pålagt gjennomført. Ønska erfaring og personlege eigenskapar: Erfaring innan førebyggande brannvernarbeid Leiarerfaring og evne til å inspirere og motivere medarbeidarar Erfaring med prosjekt og analysearbeid  Må kunne anvende og sjå moglegheiter ved bruk av moderne IKT-verktøy God skriftleg (Nynorsk) og munnleg framstillingsevne Resultatorientert med evne til strategisk og heilskapleg tenking. Kreativ og innovativ Kan arbeide systematisk med rutinar, HMT og kvalitetssikring Me søkjer ein engasjert og tydeleg leiar med gode samarbeidsevner . Personlege eigenskapar vil verta vektlagd ved tilsetting. Generelle vilkår: Det vert krevd førarkort klasse B for stillinga. Stillinga kan bli tillagt overordna vakt . Tilfredsstillande helse med dokumentert legeattest må ligge føre før tilsetting. Tilsetting skjer på dei vilkår som går fram av gjeldande lover, reglement og tariffavtale, og med prøvetid på 6 mnd.  Aktuelle søkjarar vil bli innkalla til intervju. Kopi av vitnemål og attestar leverast under intervju. Løns- og arbeidsvilkår vert i samsvar med kommunalt avtaleverk. Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje. For nærare opplysningar om stillinga kontakt  brannsjef Jan Ove Anthun 97552053. Søknadsfrist:  15.05.2018  
Stord kommune Stord, Norge
Hordaland fylkeskommune
20/04/2018
Avdelingsleiar - elektro - Fagskolen i Hordaland
SØKNADSFRIST: 18.05.2018 Fagskoleutdanning er ei tertiærutdanning, lik universitet og høgskolar, som byggjer på vidaregåande opplæring eller tilsvarande realkompetanse. Utdanninga gir studentane ein kombinert praktisk og teoretisk kompetanse som kvalifiserer til stillingar som krev både fagleg innsikt og leiarkompetanse.  Fagskolen i Hordaland er landets største fagskole og gir i dag tilbod til om lag 1200 studentar og har omlag 100 tilsette. Skolen opplever stadig aukande søknadsmengd til både dag- og nettstudium. Vi har eit godt arbeidsmiljø med gode moglegheiter for personleg utvikling og individuell tilpassing for våre tilsette. Skolen er inne i ein spanande utviklingsfase og ønskjer i den samanheng å knytte til seg fleire fleksible og dyktige medarbeidarar. Vi treng ein leiar til vår avdeling innan elektro. Arbeidsoppgåver  Personalansvar Budsjettansvar Deltakar i leiargruppa Kontakt med studanter på avdelinga Kontakt med næringslivet  Personlege eigenskaper  Utadvent Målbevisst Strukturert Sjølvstendig Fleksibel  Kvalifikasjonar  Minimum Bachelor innan fagområdet Leiarerfaring Yrkeserfaring fra fagområdet Alle nytilsetjingar i Hordaland fylkeskommune blir gjort med ei prøvetid på 6 månader  Følgjande blir tilbydd  Konkurransedyktige vilkår Gode offentlege forsikrings- og pensjonsordningar Fleksibel arbeidstid Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø Hordaland fylkeskommune satsar mykje på leiarane, og har leiarprogram som skal utvikle og stimulere både nye og meir erfarne leiarar. Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort. Kontaktperson for stillingsutlysninga   Torbjørn Tvedt 95070361
Hordaland fylkeskommune Bergen, Norge
Hordaland fylkeskommune
20/04/2018
Avdelingsleiar - helsefag - Fagskolen i Hordaland
SØKNADSFRIST: 06.05.2018 Fagskoleutdanning er ei tertiærutdanning, lik universitet og høgskolar, som byggjer på vidaregåande opplæring eller tilsvarande realkompetanse. Utdanninga gir studentane ein kombinert praktisk og teoretisk kompetanse som kvalifiserer til stillingar som krev både fagleg innsikt og leiarkompetanse.  Fagskolen i Hordaland er landets største fagskole og gir i dag tilbod til om lag 1200 studentar og har omlag 100 tilsette. Skolen opplever stadig aukande søknadsmengd til både dag- og nettstudium. Vi har eit godt arbeidsmiljø med gode moglegheiter for personleg utvikling og individuell tilpassing for våre tilsette. Skolen er inne i ein spanande utviklingsfase og ønskjer i den samanheng å knytte til seg fleire fleksible og dyktige medarbeidarar. Vi treng ein leiar til vår avdeling innan helse. Arbeidsoppgåver  Personalansvar Deltakar i leiargruppa Det er lagt noko undervisning til stillinga  Personlege eigenskaper  Utadvent Målbevisst Strukturert Sjølvstendig Fleksibel  Kvalifikasjonar  Til alle undervisningsstillingar er det krav om relevant fagleg og pedagogisk kompetanse Praktisk erfaring kan kompensere for manglande utdanning Leiarerfaring Alle nytilsetjingar i Hordaland fylkeskommune blir gjort med ei prøvetid på 6 månader  Følgjande blir tilbydd  Konkurransedyktige vilkår Gode offentlege forsikrings- og pensjonsordningar Fleksibel arbeidstid Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø Hordaland fylkeskommune satsar mykje på leiarane, og har leiarprogram som skal utvikle og stimulere både nye og meir erfarne leiarar. Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort. Kontaktperson for stillingsutlysninga Torbjørn Tvedt 95070361 Torill Flatebø 93082864
Hordaland fylkeskommune Bergen, Norge
Meland kommune
12/04/2018
Undervisningsinspektør, Sagstad skule - 100% fast stilling
SØKNADSFRIST: 29.04.2018 Stillingsinformasjon Det er ledig 100% fast stilling som undervisningsinspektør ved Sagstad skule frå 01.08.2018. I stillinga ligg det 50% administrasjon og 50% sosiallærarfunksjon. Stillinga er nyoppretta og det er ein undervisningsinspektør på skulen frå før som har ansvar for timeplan, vikarar og fagoppfølging. Arbeidsplass Sagstad skule er ein barneskule med 416 elevar som ligg i kort avstand frå kommunesenteret Frekhaug. Det er god kollektivtransport til og frå Bergen med hurtigbåt eller ekspressbuss, og reisetida frå Bergen er under ½ time. Skulen har stort fokus på eit godt og inkluderande miljø, både blant elevar og dei tilsette. Arbeidsoppgåver Som Undervisningsinspektør er oppgåvene mellom anna: - samarbeid med rektor om utviklingsarbeid - delta i plangruppa på skulen - førebuing, gjennomføring og oppfølging av elevundersøkinga - ansvar for arbeid med skulen sitt arbeid mot mobbing og krenkjande åtferd - oppfølging av elevsaker - samarbeid med skulehelsetenesta, barnevern og PPT Kvalifikasjonskrav Det er ynskjeleg med  - pedagogisk høgskuleutdanning  - arbeidserfaring frå grunnskule - gode ferdigheiter innan IKT - erfaring frå arbeid med å hjelpe elevar i samband med sosiale tilhøve som påvirkar læring og utvikling Meland kommune har nynorsk som målform. Vi tilbyr Eit inkluderande arbeidsmiljø Spennande arbeidsplass med engasjerte og dyktige kollegaer Ansvarsfull og utfordrande stilling med moglegheit for fagleg og personleg utvikling Løn etter gjeldande tariffavtale. God pensjonsordning. Søknad skal sendast Søknad skal sendast via vårt elektroniske søknadssystem. Rettkjende kopiar av vitnemål og attestar skal takast med ved eventuelt intervju. Generell informasjon Godkjend politiattest som ikkje er eldre enn tre månader må framvisast ved tilsetting og seinast før arbeidstakar byrjar i stillinga. Kontakter Navn: Magne Lædre Tittel: Rektor Sagstad skule E-post: magne.laedre@meland.kommune.no Arbeid: 56171310
Meland kommune Meland, Norge
Meland kommune
12/04/2018
Lærar, spansk - 70% fast stilling
SØKNADSFRIST: 29.04.2018 Frå 1. august 2018 er det ledig lærarstilling 70% fast i spansk. Spanskstillinga vil vere delt mellom dei to ungdomsskulane våre, Meland ungdomsskule på Frekhaug og Rossland skule.  Dersom søkjar har kompetanse i andre fag, kan det vere aktuelt å auke tilsetting til 100%. Vi søkjer etter dyktige og engasjerte lærar med godkjent lærarutdanning for undervisning i grunnskulen.  Kvalifikasjonskrav Godkjent utdanning ihht kompetanseforskrifta. Utdanning frå utlandet må vere godkjent av NOKUT. Vi søkjer lærar som: - Er fagleg bevisst og godt førebudd - Har god innsikt i lærarrolla og skulen som organisasjon - Er synleg i skulen sine ulike møteplassar - Bidrar til å utvikle skulane sitt positive arbeidsmiljø - Følgje opp og ha kontakt med den enkelte eleven og deira føresette - Har god kommunikasjon og tydeleg klasseleiing - Aktivt samarbeider med kolleger og skuleleiinga om utvikling av læringsmiljø og læringsutbytte Meland kommune har nynorsk som målform. Vi tilbyr Utfordrande oppgåver i eit breitt og engasjert fagmiljø.  Løn etter gjeldande tariff/avtale.  God pensjonsordning. IA-bedrift Søknad skal sendast Søknad skal sendast via vårt elektroniske søknadssystem. Rettkjende kopiar av vitnemål og attestar skal takast med ved eventuelt intervju. Generell informasjon Godkjend politiattest som ikkje er eldre enn tre månader må framvisast ved tilsetting og seinast før arbeidstakar byrjar i stillinga. Kontakter Navn: Hilde Brendehaug Hugaas Tittel: Rektor E-post:  hilde.brendehaug.hugaas@meland.kommune.no Arbeid: 56171410 Navn: Hogne Brunborg Tittel: Rektor Rossland skule E-post:  hogne.brunborg@meland.kommune.no Arbeid: 56174411
Meland kommune Meland, Norge
Meland kommune
12/04/2018
Lærar, tysk - 35% fast stilling
SØKNADSFRIST: 29.04.2018 Stillingsinformasjon Frå 1. august 2018 er det ledig lærarstilling 35% fast i tysk ved Meland ungdomsskule. Dersom kompetanse i andre fag gjer det aktuelt kan det vere mogleg å auke tilsetting til 100%. Vi søkjer etter dyktig og engasjert lærar med godkjent lærarutdanning for undervisning i grunnskulen. Kvalifikasjonskrav Godkjent utdanning ihht kompetanseforskrifta. Utdanning frå utlandet må vere godkjent av NOKUT. Vi søkjer lærar som: - Er fagleg bevisst og godt førebudd - Har god innsikt i lærarrolla og skulen som organisasjon - Er synleg i skulen sine ulike møteplassar - Bidrar til å utvikle skulane sitt positive arbeidsmiljø - Følgje opp og ha kontakt med den enkelte eleven og deira føresette - Har god kommunikasjon og tydeleg klasseleiing - Aktivt samarbeider med kolleger og skuleleiinga om utvikling av læringsmiljø og læringsutbytte Meland kommune har nynorsk som målform. Vi tilbyr Løn etter gjeldande tariffavtale. God pensjonsordning. Søknad skal sendast Søknad skal sendast via vårt elektroniske søknadssystem. Rettkjende kopiar av vitnemål og attestar skal takast med ved eventuelt intervju. Generell informasjon Godkjend politiattest som ikkje er eldre enn tre månader må framvisast ved tilsetting og seinast før arbeidstakar byrjar i stillinga. Kontakter Navn: Hilde Brendehaug Hugaas Tittel: Rektor E-post: hilde.brendehaug.hugaas@meland.kommune.no Arbeid: 56171410
Meland kommune Meland, Norge
Voss kommune
10/04/2018
Distriktsmusikar, vikariat i 90% stilling
SØKNADSFRIST: 02.05.2018 Hovudinstrument fiolin. Vikariat i tida 01.08.2018 - 31.07.2019. Om arbeidsstaden Voss kulturskule har om lag 8 årsverk fordelt over 14 tilsette. Skulen har base og det aller meste av undervisninga si i  Voss kulturhus, og har mange store og mindre produksjonar i løpet av skuleåret. Me nyttar programmet Speedadmin i  administrasjon av skulen, og det er ein fordel om søkjarar har erfaring med dette programmet. Arbeidsoppgåver A. Undervisning(inkl. samspel) av fiolinelevar, ca. 60% stilling. B. Utøvande del ca. 30% stilling, der 20% av stillinga er som konsertmeister i orkesteret Fossegrimen og 10% er til andre oppgåver. Me søkjer Instrumentalpedagogisk utdanning frå høgskule og relevant praksis. Søkjarar med mindre kompetanse kan også verta vurderte. Aktuelle søkjarar blir innkalla til samtale og prøvespel. Atterhald om stillingsstorleik m.v. ut frå elevopptak og ev. endringar i utøvande del. Det vert kravd godkjent politiattest ved tiltreding. Me tilbyr - gode vilkår for fagleg utvikling - eit godt tverrfagleg og sosialt miljø - gode forsikrings- og pensjonsordningar - løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår Søknad Voss kommune ynskjer eit større aldersmangfald mellom dei tilsette, og oppmodar difor yngre arbeidstakarar om å søkje. Kommunen har eit personalpolitisk mål om at arbeidsstaben skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt, både når det gjeld kjønn og kulturelt mangfald. Søk på stillinga ved å klikke på knappen til høgre. Hugs å gje opp referansar. Attestar og vitnemål skal leggjast ved elektronisk eller sendast Voss kommune, boks 145, 5701 VOSS, merka med stillingsreferanse. Søknadspapira vert ikkje returnerte. Ifølgje Offentleglova §25 skal det svært gode grunnar til for å skjerme søkjarar frå offentleg søkjarliste. Kontakter Navn: Oddvar Nøstdal Tittel: Kulturskulerektor E-post: oddvar.nostdal@voss.kommune.no Mobil: 40416204 Arbeid: 40416204
Voss kommune Voss, Norge
Voss kommune
10/04/2018
Distriktsmusikar, 30% stilling
SØKNADSFRIST: 02.05.2018 Frå 01.08.2018 er det ledig stilling som musikar/pedagog med hovudinstrument cello.  Om arbeidsstaden Voss kulturskule har om lag 8 årsverk fordelt over 14 tilsette. Skulen har base og det aller meste av undervisninga si i  Voss kulturhus, og har mange store og mindre produksjonar i løpet av skuleåret. Me nyttar programmet Speedadmin i  administrasjon av skulen, og det er ein fordel om søkjarar har erfaring med dette programmet. Arbeidsoppgåver A. Undervisning av celloelevar, 10% stilling. B. Utøvande del i orkesteret Fossegrimen, 20% stilling. Me søkjer Utdanning frå høgskule og relevant praksis. Søkjarar utan formell kompetanse kan også verta vurderte. Aktuelle søkjarar blir innkalla til samtale og prøvespel. Atterhald om stillingsstorleik m.v. ut frå elevopptak og ev. endringar i utøvande del. Det vert kravd godkjent politiattest ved tiltreding. Me tilbyr - gode vilkår for fagleg utvikling - eit godt tverrfagleg og sosialt miljø - gode forsikrings- og pensjonsordningar - løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår Søknad Voss kommune ynskjer eit større aldersmangfald mellom dei tilsette, og oppmodar difor yngre arbeidstakarar om å søkje. Kommunen har eit personalpolitisk mål om at arbeidsstaben skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt, både når det gjeld kjønn og kulturelt mangfald. Søk på stillinga ved å klikke på knappen til høgre. Hugs å gje opp referansar. Attestar og vitnemål skal leggjast ved elektronisk eller sendast Voss kommune, boks 145, 5701 VOSS, merka med stillingsreferanse. Søknadspapira vert ikkje returnerte. Ifølgje Offentleglova §25 skal det svært gode grunnar til for å skjerme søkjarar frå offentleg søkjarliste. Kontakter Navn: Oddvar Nøstdal Tittel: Kulturskulerektor E-post: oddvar.nostdal@voss.kommune.no Mobil: 40416204 Arbeid: 40416204
Voss kommune Voss, Norge
Voss kommune
10/04/2018
Distriktsmusikar, 20 % stilling
SØKNADSFRIST: 02.05.2018 Frå 01.08.2018 er det ledig stilling som musikar med hovudinstrument piano. Om arbeidsstaden Voss kulturskule har om lag 8 årsverk fordelt over 14 tilsette. Skulen har base og det aller meste av undervisninga si i  Voss kulturhus, og har mange store og mindre produksjonar i løpet av skuleåret. Me nyttar programmet Speedadmin i  administrasjon av skulen, og det er ein fordel om søkjarar har erfaring med dette programmet. Arbeidsoppgåver Utøvande arbeid i distriktsmusikargruppa saman med musikarar på fløyte og fiolin. Kan også verta aktuelt med akkompagnering og konsertar/prosjekt internt og eksternt. Me søkjer Utdanning frå høgskule og relevant praksis. Søkjarar utan formell kompetanse kan også verta vurderte. Aktuelle søkjarar blir innkalla til samtale og prøvespel. Atterhald om stillingsstorleik m.v. ut frå ev. endringar i utøvande del. Det vert kravd godkjent politiattest ved tiltreding. Me tilbyr - gode vilkår for fagleg utvikling - eit godt tverrfagleg og sosialt miljø - gode forsikrings- og pensjonsordningar - løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår Søknad Voss kommune ynskjer eit større aldersmangfald mellom dei tilsette, og oppmodar difor yngre arbeidstakarar om å søkje. Kommunen har eit personalpolitisk mål om at arbeidsstaben skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt, både når det gjeld kjønn og kulturelt mangfald. Søk på stillinga ved å klikke på knappen til høgre. Hugs å gje opp referansar. Attestar og vitnemål skal leggjast ved elektronisk eller sendast Voss kommune, boks 145, 5701 VOSS, merka med stillingsreferanse. Søknadspapira vert ikkje returnerte. Ifølgje Offentleglova §25 skal det svært gode grunnar til for å skjerme søkjarar frå offentleg søkjarliste. Kontakter Navn: Oddvar Nøstdal Tittel: Kulturskulerektor E-post: oddvar.nostdal@voss.kommune.no Mobil: 40416204 Arbeid: 40416204
Voss kommune Voss, Norge
Kvinnherad kommune
03/04/2018
Pianopedagog 70 % fast, med mogeleg seinare utviding Kvinnherad kulturskule
SØKNADSFRIST: 13.05.2018 Omtale av stillinga Aktuelle søkjarar blir kalla inn til intervju og praktisk prøve (prøveundervisning og prøvespel).  Vi søkjer Vi søkjer ein allsidig pianopedagog som kan undervise både i klassisk- og rytmisk musikk. Søkjar må delta i kulturskulen sine prosjekt, framsyninger og bidra til den vidare utviklinga i kulturskulen. Undervisninga er delsentralisert, så det er ei føremon at søkjar disponerer bil. Arbeidsoppgåver Stillinga inneheld undervisning i piano, både individuelt og i små gruppe og akkompagnement til strykeorkester mm. Undervinsinga tek utgangspunkt i fagplanar og må tilpassast den enkelte eleven. Undervisninga er frå nybyrjarstadiet til vidarekomne elever. Kvalifikasjonar - Høgare kunstfagleg/musikkpedagogisk utdanning frå musikkkonservatoriet/høgskule/universitet. - Fagleg og pedagogisk kompetanse - Røynsle frå arbeid med born og ungdom - Referanse frå tidlegare arbeidsgjevarar - Gode munnlege og skiftlege norskkunnskapar Personlege eigenskaper - Engasjert og initiativriik -God evne til samrabeid og til å kommunisere med born og vaksne -God evne til å arbeide sjølvstendig og i team Vi tilbyr Ein spennande jobb i ein velfungerande kulturskule. Eit hyggjeleg kollegium med sterk fagleg kompetanse. Gode arbeidstilhøve og fine øvingslokaler i det nye kultursenteret på Husnes. Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML. Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP. Kvinnherad kommune er ei IA-verksemd. Gode arbeidstilhøve i eit godt arbeidsmiljø. Dekning av flytteutgifter etter nærare reglar. Søknad vert å senda Kvinnherad kommune oppfordrar til å søkja elektronisk (godkjende vitnemål og attester tar ein med på evt. intervju). Normalt vil søkjar sitt namn bli offentlegjort i postjournal og offentleg søkjarliste. Dersom du ønskjer at søknaden ikkje skal verte offentleggjort må du grunngje dette. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarane likevel kan verta offentleggjorde, jf. Offentleglova § 25. Du vil då verte varsla om dette på førehand slik at du har høve til å trekkje søknaden din. Innsendte vitnemål og attestar blir ikkje returnert. Det er krav om gyldig politiattest før du tiltrer i stillinga. Kravet er heimla i lov om barnevern § 6.10, opplæringslova § 10.9, lov om barnehagar § 19, Helsepersonellova § 20 og helse- og omsorgstjenesteloven § 5-4. Kontakter Kirill Zimin rektor/einingsleiier E-post  kirill.zimin@kvinnherad.kommune.no Mobil 45665892 Arbeid 53483431
Kvinnherad kommune Kvinnherad, Norge
Kvinnherad kommune
03/04/2018
Undervisningsinspektør 50% fast- Kvinnherad kulturskule
SØKNADSFRIST: 13.05.2018 Omtale av stillinga Arbeidsplass: Kulturskulesenteret, Husnes Kvinnherad kulturskule søkjer og pianopedagog frå 01.08.2018. Den stillinga kan kombinerast med undervisningsstillinga. Det kan og bli aktuelt med undervisning i dans i kobinasjon med stillinga. Arbeidsoppgåver Hovudarbeidsoppgåver: - Opptak av nye elever - Timeplanarbeid - Konsertansvar - Pedagogisk utviklingsarbeid - Medansvar for fagleg utvikling av kulturskulen i samarbeid med rektor - Dagleg drift - Kontakt og koordinering Kvalifikasjonar Relevant høgare utdanning frå musikkkonservatoriet/høgskule/universitet innan kunst/kulturfelt. Tilleggsutdanning innan administrasjon og leiing er ein fordel, men ikkje eit krav. - Kunnskap om leiing, personalarbeid og god IKT-kunnskap. - Erfaring frå pedagogisk arbeid/kulturskule - Erfaring frå liknande stilling er ein fordel - Referanse frå tidlegare arbeidsgjevar - Gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar Personlege eigenskaper - Stor arbeidskapasitet og arbeidsglede - Er sjølvstendig, strukturert, nøyaktig og løysningsorientert - Evne til å motivere, samarbeid og til å skape entusiasme - God evne til å kommunisere med born og vaksne - Positiv - Godt humør Vi tilbyr Ein spennande jobb i ein velfungerande kulturskule. Eit hyggjeleg kollegium med sterk fagkompetanse. Gode arbeidstilhøve og fine øvingslokaler i det nye kulturskulesenteret på Husnes. Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML. Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP. Kvinnherad kommune er ei IA-verksemd. Gode arbeidstilhøve i eit godt arbeidsmiljø. Dekning av flytteutgifter etter nærare reglar. Søknad vert å senda Kvinnherad kommune oppfordrar til å søkja elektronisk (godkjende vitnemål og attester tar ein med på evt. intervju). Normalt vil søkjar sitt namn bli offentlegjort i postjournal og offentleg søkjarliste. Dersom du ønskjer at søknaden ikkje skal verte offentleggjort må du grunngje dette. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarane likevel kan verta offentleggjorde, jf. Offentleglova § 25. Du vil då verte varsla om dette på førehand slik at du har høve til å trekkje søknaden din. Innsendte vitnemål og attestar blir ikkje returnert. Det er krav om gyldig politiattest før du tiltrer i stillinga. Kravet er heimla i lov om barnevern § 6.10, opplæringslova § 10.9, lov om barnehagar § 19, Helsepersonellova § 20 og helse- og omsorgstjenesteloven § 5-4. Aktuelle søkjarar blir innkalla til intervju. Kontakter Kirill Zimin rektor/einingsleiier E-post kirill.zimin@kvinnherad.kommune.no Mobil 45665892 Arbeid 53483431
Kvinnherad kommune Kvinnherad, Norge
Voss kommune
09/02/2018
Sommarvikarar
SØKNADSFRIST: Sjå kvar enkelt stilling SOMMARVIKARAR I OMRÅDE AUST Om arbeidsstaden Heimetenesta i område aust og Vetleflaten omsorgssenter er samorganisert. På Vetleflaten omsorgssenter er det 64 brukarar fordelt på 4 grupper. Omsorgssenteret har også ein dagavdeling. Avdelingar Vetleflaten omsorgssenter pleie Heimetenesta heimesjukepleie Heimetenesta praktisk bistand / heimehjelp Me søkjer Sjukepleiarar / vernepleiarar / andre med 3 årig helse og sosialfagleg utdanning Hjelpepleiarar / helsefagarbeidarar / omsorgsarbeidarar / assistentar Studentar / elevar Er du engasjert og har "stå på vilje", trygg, omsorgsfull og har interesse for å arbeide med menneske, er du velkomen til å søkja sommarjobb hjå oss. Det vert lagt vekt på personlege eigenskapar.  Tilsetjing fortløpande. Godkjend politiattest må framleggjast før tiltreding i stillinga Me tilbyr - gode vilkår for fagleg utvikling - eit godt tverrfagleg og sosialt miljø - gode forsikrings- og pensjonsordningar - løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår Søknad Me treng ferievikarar i perioden 18. juni til 19. august. Me ynskjer at du arbeider lengst mogeleg av perioden og ber om at det vert oppgjeve kva for periode søknaden primært gjeld og kva avdeling du ynskjer. Det er ønskjeleg med avtale på minimum 4 veker. Kommunen har bil, moped, sykkel, el-sykkel til disposisjon for sommarvikarar i heimetenesta. Kontakter Navn: SIREN VETHE Tittel: Avdelingssjukepleiar E-post: Siren.Vethe@voss.kommune.no Mobil: 97997196 Arbeid: 97997196 Navn: Bodil Synnøve Lie Reime Tittel: Avdelingsleiar heimesjukepleie omr.aust E-post: bodil.lie.reime@voss.kommune.no Mobil: 99207119 Navn: IREN ØVSTEDAL STALHEIM Tittel: Områdeleiar aust E-post: iren.o.stalheim@voss.kommune.no Mobil: 91809566   Søknadsfrist: 18.04.2018   ----  SOMMARVIKARAR I OMRÅDE VEST SØKNADSFRIST: 30.04.2018 Om arbeidsstaden Område Vest er alle avdelingane som har sin base i Voss Sjukeheim. Voss Sjukeheim finn du vegg i vegg med Voss Sjukehus. Frå Voss sentrum brukar du få minutt på å køyre eller gå opp til oss. Avdelingane i 2,3 og 4 etg har godt utsyn over Vossabygda. Voss Sjukeheim har ein stor sjukeheimshage som me ynskjer nytte mest mogeleg gjennom sommarmånadane, her vil du også i år finne "Ut på Tunet" tilbodet med lamb, høns og kaniner i hagen. Me har også el.sykkeltaxi der du med opplæring kan ta turar rundt om i bygda med brukarane våre. På dag/kveld/helg har heimesjukepleien i sone vest ansvar for heimebuande i vårt område. På natt er det heimesjukepleien sone vest som server heile kommunen. Vår dagavdeling har eit tilrettelelagt tilbod for heimebuande personar med Demens 3 dagar i veka, dei andre dagane er dagavdelinga open for bebuarar på huset. Dei har eit aktivt tilbod innan musikk og kulturelle innslag. Voss Sjukeheim nyttar også Friskus, der du gjerne kan verte medlem hjå oss. Område Vest består av: Voss Sjukeheim - Korttidsavdelinga + ØH-senger i 2 etg, langtidsavdelingane 3 og 4 etg. Heimesjukepleien sone Vest samt heimehjelp Dagavdeling ved Voss Sjukeheim Avd. for Fellestenester - Har ansvar for: Sjåfør/vaktmeister, Hjelpemiddellager, Vaskeri Voss Sjukeheim, Reinhald Voss Sjukeheim og Vetleflaten Omsorgssenter Me søkjer Avdelingane ved Voss Sjukeheim og Heimetenesta søkjer: Sjukepleiarar / vernepleiarar / andre med 3 årig helse og sosialfagleg utdanning, Hjelpepleiarar / helsefagarbeidarar / omsorgsarbeidarar / assistentar samt Studentar / elevar. Avd. for Fellestenester søkjer: Sjåfør/vaktmeister med førarkort klasse D1, m/ kompetansebevis for yrkessjåfør, hjelp på Hjelpemiddellager, sommarhjelp på Vaskeriet Voss Sjukeheim samt Reinhaldarar ved Voss Sjukeheim og Vetleflaten Omsorgssenter. Er du engasjert og har "stå på vilje", trygg, omsorgsfull og har interesse for å arbeide med menneske, er du velkomen til å søkja sommarjobb hjå oss. Det vert lagt vekt på personlege eigenskapar.  Tilsetjing fortløpande. Godkjend politiattest må framleggjast før tiltreding i stillinga Me tilbyr - gode vilkår for fagleg utvikling - sommarvikarkurs - eit godt tverrfagleg og sosialt miljø - gode forsikrings- og pensjonsordningar - løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår Søknad Me treng ferievikarar i perioden 18. juni til 19. august. Me ynskjer at du arbeider lengst mogeleg av perioden og ber om at det vert oppgjeve kva for periode søknaden primært gjeld og kva avdeling du ynskjer. Det er ønskjeleg med avtale på minimum 4 veker. Kommunen har bil, moped, sykkel, el-sykkel til disposisjon for sommarvikarar i heimetenesta. Kontakter Helene Berge Flatekvål, Leiar, E-post:  Helene.B.flatekval@voss.kommune.no Mobil: 99322130 HÅKON GRIMESTAD, Driftsleiar reinhald/vaskeri/kjøkken, E-post: Haakon.Grimestad@voss.kommune.no Mobil: 48014581 Cathrine Seim-Haugen, Avdelingssykepleier, E-post: cathrine.seim-haugen@voss.kommune.no  Mobil: 91393284 Solveig Liseth Vik, Sjukepleier, E-post: Solveig.L.Vik@voss.kommune.no Mobil: 47682611, Arbeid: 56521543 MARIANNE LIDSHEIM, sjukepleiar, E-post: Marianne.Lidsheim@voss.kommune.no Mobil: 97997117, Arbeid: 56 52 15 33 INGRID DAGESTAD, E-post: Ingrid.Dagestad@voss.kommune.no  Mobil: 99207113, Arbeid: 6521512 SOMMARVIKAR I AVDELING FOR MENNESKER MED NEDSETT FUNKSJONSEVNE SØKNADSFRIST: 16.04.2018 Om arbeidsstaden Fellesbustadane er døgnbemanna butilbod for personar med nedsett funksjonsevne. Her legg me vekt på fysisk aktivitet, sansestimulering og brukardeltaking, for å gi bebuarane ein variert og god kvardag i eigen heim. Avlastning er ein institusjon for barn og unge med nedsett funksjonsevne. Me har hovudfokus på aktivitetar, sjølvstende  og deltaking i dagleglivet og legg stor vekt på å skapa eit heimleg miljø med rom for individuelle behov. Avdelingar: Skulestadtunet bufellesskap Skulestadvegen bufellesskap Vetleflaten omsorgsbustader Bjørgemarka fellesbustad Lekvebakken bufellesskap Avlastingsinstitusjon for barn og unge Nyhagen aktivitetssenter Arbeidsoppgåver Tilsett skal vera ein støtte og rollemodell for brukar på alle områder. Me legg vekt på brukardeltaking. Tilsette skal ha fokus på aktivitet og hjelp til sjølvhjelp. Arbeidsoppgåvene varierer frå stell og pleie, huslege gjeremål til trening, oppfyljing av helse, samarbeid med andre etatar og pårørande. Alle brukarane har tiltaksplanar og dokumentasjon skal gjerast i fagprogrammet Gerica. Du må kunna nytta dataverktøy. Verdiane våre er: profesjonell - påliteleg - skapande - inkluderande  Me søkjer Vernepleiarar /sjukepleiar og andre med 3 årig helse og sosialfagleg utdanning Hjelpepleiarar / helsefagarbeidarar / omsorgsarbeidarar / assistentar  Studentar / elevar Det vert lagt vekt på personlege eigenskapar. Du bør ha evne til å arbeida målretta, vera uthaldande og trygg. Me ynskjer deg som er engasjert, ansvarsbevisst, god i kommunikasjon og er oppteken av gode løysingar saman med brukar og kollega. Alle våre vikarar må ta nettbasert kurs i legemiddelhandtering og innføring i omsorgsyrket helst før start eller den fyrste veka. Det er krav om politiattest før fyrste arbeidsdag. Me treng ferievikarar i perioden 20. juni til 21. august Me ynskjer at du arbeider lengst mogeleg av perioden og ber om at det vert oppgjeve kva for periode søknaden primært gjeld. Det er ønskjeleg med avtale på minimum 4 veker. Gi opp i søknaden kva avdeling du søkjer på og kva periode. Avdelingane har turnusordning, dei fleste med alternativ arbeidstidsordning. Godkjend politiattest må framleggjast før tiltreding i stillinga Me tilbyr - gode vilkår for fagleg utvikling - eit godt tverrfagleg og sosialt miljø - gode forsikrings- og pensjonsordningar - løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår Søknad Voss kommune ynskjer eit større aldersmangfald mellom dei tilsette, og oppmodar difor yngre arbeidstakarar om å søkje. Kommunen har eit personalpolitisk mål om at arbeidsstaben skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt, både når det gjeld kjønn og kulturelt mangfald. Søk på stillinga ved å klikke på knappen til høgre. Hugs å gje opp referansar. Attestar og vitnemål skal leggjast ved elektronisk eller sendast Voss kommune, boks 145, 5701 VOSS, merka med stillingsreferanse. Søknadspapira vert ikkje returnerte. Ifølgje Offentleglova § 25 skal det svært gode grunnar til for å skjerme søkjarar frå offentleg søkjarliste.  Kontakter GULLBORG OSGJERD REKVE, Verksemdsleiar, E-post:  gullborg.o.rekve@voss.kommune.no Mobil: 99207116 HEIDRUN MOEN. Leiar, E-post:  Heidrun.Moen@voss.kommune.no Mobil: 97050363 MARIANNE MELVE, Vernepleier, E-post:  Marianne.Melve@voss.kommune.no Mobil: 97050359 LENE GRIMESTAD, Avdelingsleiar ved Bjørgamarka Bufellesskap, E-post:  lene.grimestad@voss.kommune.no  Mobil: 95262001 Liv Finne Nybø, Fagleiar, E-post:  liv.f.nybo@voss.kommune.no Mobil: 97997131 Asa Gunnarsdottir,  asa.gunnarsdottir@voss.kommune.no  Mobil: 95262096, Arbeid: 56514670 HANNE TOMBRE,   hanne.tombre@voss.kommune.no Mobil: 97997165, Arbeid: 48014552  
Voss kommune Voss, Norge
  • Hjem - Kontakt - Om oss - Bruk av informasjonskapsler - Følg oss på Facebook - Vår nyeste annonse i Dagbladet
© 2008-2018  Riksmedia as