01/02/2018

Vi søkjer ein utviklingsretta Plansjef

  • Bykle kommune
  • Bykle, Norge
Arkitekt - Geografi - Landskap Ledelse

Stillingsbeskrivelse



SØKNADSFRIST: 22.02.2018

Har du lyst til å vere med på laget vårt?

Bykle er ein turistkommune med stor aktivitet- ikkje minst på Hovden. Det inneber mange og spennande arbeidsoppgåver innan fagområdet.
Vi har eit godt tverrfagleg miljø, og kommunen er langt framme både fagleg og datateknisk. Avdelinga har 5 tilsette. Plansjefen sit i rådmannen si leiargruppa.

Arbeidsoppgåver

  • Fag-, personal- og økonomiansvar
  • Arbeid med planar og sakshandsaming
  • Koordinering av dei ulike fagområda innan avdelinga og mot andre einingar
  • Kontakt og samarbeid med politikare, næringsliv og andre samarbeidsaktørar, grunneigarar og befolkninga elles

Kvalifikasjonar

  • Planfagleg utdanning frå høgskule eller universitet, minimum bachelor
  • Gjerne leiarerfaring frå kommunal sektor
  • Erfaring frå arbeidsfeltet
  • Erfaring frå utvikling- og næringsarbeid er ein fordel
  • God norsk skriftleg- og munnleg framstillingsevne er ein forutsetning

Utdanning

  • Høgskule/Universitet, Diplom/Bachelorgrad

Språk

  • Norsk

Eigenskapar

  • Vi ønskjer ein tydeleg leiar som er fleksibel, som kommuniserer og samarbeider godt, og som er resultatorientert.

Vi tilbyr

  • Stillingsbrøk: 100%
  • Utfordrande og spennande arbeidsoppgåver
  • Tett samarbeid og kontakt med innbyggarar og politikarar
  • Løn etter avtale
  • Fleksibel arbeidstid
  • Flyttegodtgjersle etter eige reglement
  • Kommunen kan vere hjelpsam med å skaffe bustad
  • God pensjons- og forsikringsordning

Om arbeidsgiveren

 

Bykle kommune ligg øvst i Setesdal i Aust-Agder fylke. Det er to bygdesenter i kommunen, Bykle kyrkjebygd der kommuneadministrasjonen ligg, og turiststaden Hovden. God kommuneøkonomi har gjort det mogleg å investere i gode tilbod innan helse- og sosial, barn- og ungdom, kultur- og fritid. Vi har gode aktivitetsbygg både i Bykle og på Hovden. Her kan ein oppleve ein god oppvekst, utfordrande næringsliv, eit mangfald av fritidstilbod og ein trygg alderdom. Kommunen har ca. 970 innbyggjarar. Vasskraft er kommunens viktigaste inntektskjelde. 

SøknaD merkes 3693800077 Tiltredelse 12.03.2018

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Frantz Are Nilsen
Rådmann
Telefon 404 16 565

Ansettelsesform

Fast

Søk nå