15/05/2018

Avdelingsleiar for naturbruk

  • Sogn og Fjordane fylkeskommune
  • Førde, Norge
Ledelse Undervisning - Pedagogikk

Stillingsbeskrivelse

sfj_top_ny.jpg

SØKNADSFRIST: 27.05.2018

Om arbeidsgiver:

Midt i Sogn og Fjordane i Førde kommune ligg Mo og Øyrane vidaregåande skule. Skulen er geografisk todelt, Mo som ligg 11 km frå Førde sentrum og Øyrane som er plassert i Førde sentrum. Totalt har skulen om lag 180 tilsette og 480 elevar fordelt på 38 klassar. Skulen tilbyr utdanningsprogramma: Bygg- og anleggsteknikk, Elektrofag, Service og samferdsle, Helse- og oppvekstfag, Restaurant- og matfag, Teknikk og industriell produksjon og Naturbruk. I tillegg har skulen pedagogisk ansvar ved ulike sosiale og medisinske institusjonar i Førde og ansvar for Oppfølgingstenesta i Indre Sunnfjord. Skulestad Mo har internat med plass til 80 elevar. 

For meir informasjon gå til skulen si heimeside http://www.moy.vgs.no/

Om stillingen:

Fast stilling. 

Oppgåver og ansvar 
Det er ledig stilling som avdelingsleiar for Naturbruk frå 1. august 2018. Stillinga har delt personal- og budsjettansvar for avdelinga og skulegarden, i tillegg til noko undervisning.

Avdelingsleiar skal:

  • Sikre god drift av skulegarden og dei enkelte klassane i samarbeid med driftspersonale, kontaktlærarar og faglærarar. 
  • I lag med sine medarbeidarar kunne omsetje skulen sine utviklingsmål i praktisk handling 

Avdelingsleiaren er ein del av skulen si leiargruppe som er samansett av rektor, administrativ leiar, pedagogisk leiar og fem avdelingsleiarar. 

Kvalifikasjonar
Me søkje sivilagronom med husdyrfagleg og pedagogisk utdanning. Leiarutdanning og/eller leiarerfaring er ei føremon. 

Vi ynskjer ein person som:

  • framstår som ein motiverande og samlande leiar for avdelinga og samtidig setje krav til den enkelte medarbeidar 
  • evne til å arbeide ryddig og strukturert 
  • kunne leia i samsvar med sentrale og lokale målsetingar 
  • personleg eigenskapar vil bli vektlagt 

For stillinga gjeld

  • Løn etter gjeldande regulativ 
  • Fylkeskommunale tilsetjingsvilkår 
  • Hjelp til å skaffe bustad og flytteutgifter vert dekka etter gjeldande reglar 
  • Gode pensjons- og forsikringsvilkår 6 månaders prøvetid 

Den som blir tilsett må legge fram politiattest av nyare dato, jf. Opplæringslova §10-9. 

Søknad med fullstendig CV skal sendast elektronisk via link på www.sfj.no under Ledige stillingar. 

Vitnemål og attestar skal leggast fram ved eventuelt intervju. Det blir teke atterhald om at overtalige ved andre skular kan ha rett til utlyst stilling. 

Søknadsfrist: 27. mai 2018

Kontaktpersoner

Ansettelsesform

Fast

Søk nå