15/05/2018

Undervisningsstillingar naturbruk

  • Sogn og Fjordane fylkeskommune
  • Førde, Norge
Undervisning - Pedagogikk

Stillingsbeskrivelse

SØKNADSFRIST: 04.06.2018

Om arbeidsgiver:

Midt i Sogn og Fjordane i Førde kommune ligg Mo og Øyrane vidaregåande skule. Skulen er geografisk todelt, ein skulestad for naturbrukutdanning på Mo og ein skulestad for yrkesfag på Øyrane i Førde sentrum. Totalt har skulen 185 tilsette og 480 elevar fordelt på 38 klassar. Skulen tilbyr utdanningsprogramma: Bygg- og anleggsteknikk, Elektrofag, Service og samferdsle, Helse- og oppvekstfag, Restaurant- og matfag, Teknikk og industriell produksjon og Naturbruk. I tillegg har skulen pedagogisk ansvar ved ulike sosiale og medisinske institusjonar i Førde og ansvar for Oppfølgingstenesta i Indre Sunnfjord.

Om stillingen:

100 % fast undervisningsstilling frå 01.08.18 med undervisning i tekniske fag i programområdet Naturbruk. 
Undervisninga er lagd til Vg1, Vg2 og Vg3-nivå. Til stillinga er det lagt funksjon som kontaktlærar for ein klasse på Vg2-nivå. Stillinga krev utdanning frå høgskule/universitet innan dei aktuelle fagområde samt  pedagogisk utdanning. Røynsle frå undervisning i vidaregåande skule er ønskjeleg.

90 %  undervisningsstilling frå 01.08.18 med undervisning i skogbruk og tekniske fag i programområdet Naturbruk. 
Undervisninga er lagd til Vg1 og Vg2-nivå, og krev utdanning frå høgskule/universitet innan dei aktuelle fagområda samt pedagogisk utdanning. Røynsle frå undervisning i vidaregåande skule er ønskjeleg. Delar av stillinga, ca. 50 %, er eit vikariat fram til 31.07.20.

Opplysning om stillingane får du ved å ringe ass. rektor Trygve Jacobsen, tlf. 415 30 730.

Skulen vektlegg likestilling, likeverd og mangfald.

For stillinga gjeld:

  • Løn etter tariff
  • Vanlege fylkeskommunale tilsettingsvilkår
  • Hjelp til å skaffe bustad
  • Dekking av flytteutgifter etter nærare reglar
  • Pensjons- og forsikringsordningar
  • 6 mnd prøvetid
  • Krav om politiattest
  • Atterhald om overtalig i Sogn og Fjordane Fylkeskommune.

Søknadsfrist: 4. juni 2018

Søknad sendes elektronisk.

Kopi av vitnemål og attestar vert å leggje fram ved eventuelt intervju.

Kontaktpersoner

Ansettelsesform

Fast

Søk nå