10/04/2018

Rektor Stryn kulturskule - 100 % stilling

  • Stryn kommune
  • Stryn, Norge
Ledelse Rektor - Styrer

Stillingsbeskrivelse

SØKNADSFRIST: 04.05.2018

Arbeidsområde:

 Fast stilling som rektor ved Stryn kulturskule er ledig frå 01.08.18. Rektorstillinga har i dag ca 50 % administrasjon.

Undervisninga ved kulturskulen er i dag innanfor musikkfag og visuell kunst.  

Kvalifikasjonar for stilinga:

Vi søkjer ein rektor som er engasjert og tydeleg i sitt leiarskap, og har evne til å motivere og inspirere sine medarbeidarar.

Vedkomande må ha evne til å arbeide strategisk  og langsiktig med utvikling av kulturskulen. Det vert lagt vekt på evne til samarbeid og evne til god økonomistyring. 

Arbeidsstad:

Kulturskulen skal i løpet av våren 2018 flytte inn i nye lokale i 2.etasje i Stryn kulturhus. I kulturhuset vert også øvingsrom og arbeidsplassar for rektor og lærarane. Skulen har i dag 3,3 årsverk, fordelt på 6 tilsette.

Kulturlivet i Stryn er aktivt og mangfaldig.Samarbeid med lokalt musikk- og kulturliv ser vi som viktig framover. Kulturavdelinga og kulturskulen er inne i ein spanande utviklingsfase der den nye rammeplanen for kulturskulen ligg til grunn.  

Arbeidsoppgåver:

Rektor har det pedagogiske og administrative ansvar for drift og utvikling av kulturskulen. Under det administrative ligg økonomiansvar for eininga, og personalansvar for dei tilsette i kulturskulen.

Kulturskulen har mellom anna behov for instruksjon inna dans,drama, band, treblås, vokal ,kor/korps. Nye tilbod i kulturskulen skal utviklast saman med den som vert tilsett i rektorstillinga.

Stryn kommune er ei tre-nivå kommune, og rektor for kulturskulen rapporterar til avd.leiar kultur ( sjå kontaktperson). 

Krav til kompetanse:

  • Utdanning frå høgskule / universitet innanfor musikk- og kulturfag, og / eller pedagogisk utdanning. Anna relevant utdanning kan vurderast.
  • Relevant leiarutdanning og leiarerfaring frå off.forvaltning eller kulturinstitusjon.

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt. 

Vi tilbyr:

  • Varierande og utfordrande arbeid i eit positivt miljø.
  • God pensjonsordning gjennom KLP.
  • Tilsetjing etter gjeldande lover, tariffavtale og reglement
  • Løn etter avtale

- Den som vert tilsett må legge fram politiattest av ny dato. 

Søkjarane er som hovudregel offentlege og det er strenge kriterie for å bli unnateke, jf.  offentleglova §25. Dersom du ønskjer å reservere deg frå offentleg søkjarliste må du grunngje det i søknaden.

 Vitnemål og attestar må skannast inn og leverast saman med søknaden.

Ansettelsesform

Fast

Søk nå